15. jan. 2013

Er iPad det rette? Kva skal vi velje?

Er skulen klar for det teknologiske samfunnet vi lever i?  

Den teknologiske utviklinga gir oss mange utfordringar. Elevane sin (og vår) digitale kvardag, og nye krav i arbeidslivet fordrar at vi tenkjer nytt, - for me kan ikkje velje oss ut av det. Me MÅ følgje med. Difor er det viktig at me gjer forsøk og gjer oss erfaringar. Problemet vårt er at det er fleire tilbydarar som ynskjer å hegne om sine løysingar, og difor er lite villige til å opne opp og gje tilbod på tvers.

 
Det vi veit er at vi går meir og meir inn i ein kvardag som er app-basert. Apple var først ute, og dei andre kjem (etter mi meining) svært seint etter. Microsoft har i årevis fora oss med sine produkt (sjølv om vi har trudd at vi på «ulovleg vis» har «lånt» programvare), og dermed er det desse løysingane vi har blitt tilvant bruk av. Apple tenkjer i andre retningar og løyser ting på andre måtar, og det fører til at rekkefølgja og logikken i arbeidsoperasjonane ved hjelp av Appleprodukt vert annleis – det kan bli litt for arbeidskrevjande ikkje berre å snu på løysingane, men også pedagogikken.

Erfaringane med iPadinnføring 
Det er nokre få, men store hindringar i daglegarbeidet med ein iPad. Den har masse flotte appar, som kan gjere delar av undervisninga vår til ein leik. Men, det vi truleg har mest behov for; kommunikasjon med produkta til elevane våre og dokumentasjon, vert for tungvindt. Difor er det mange som ser med stor lengt etter Microsoft sine nettbrettløysingar. Eg også, - sjølv om det etter kvart går opp for meg at desse løysingane også er app-baserte. Noko som kanskje (eg veit ikkje) kan gje nokon av dei same problemstillingane som med iPaden.
 

Eg har brukt mykje tid og energi på å tenkje ut, prøve ut og også formidle vidare til kollegaer at vi bør tenkje nøye gjennom pedagogikken vår. Kan hende me her og no må bite i det sure eplet og innsjå at å vente på løysingar som passar den pedagogikken vi har, er misbruk av energien vår. Vi bør vere litt meir positivt søkande og på hugget,  og ha elevane si læring av faget i fokus. Korleis skal elevane nå måla i læreplanen ved hjelp av den teknologien vi i dag har tilgjengeleg?
 
Oppmuntring i pionerarbeidet 
Vi må bruke det vi har her og no, og samstundes forsøke å komme i dialog med utviklarane. På den måten så håpar eg at vi sakte men sikkert får løysingar som både er framtidsretta og gode pedagogiske. Som eg har drøfta tidlegare her; vi er truleg ikkje klar over det, men vi har faktisk i mange år tilpassa pedagogikken til teknologien. Så det skader ikkje at det no vert ruska i både oss pedagogar og utviklarane, for å finne dei beste måtane å lære på. Det er ein vanvittig pengebruk i det at vi er pålagde å halde elevane med digitalt utstyr. Då er det på sin plass at pedagogane får vere med å bestemme og ta val kring utstyr og innhald på «dippeduttane», - men det krev altså at vi kryp opp av den trygge kvardagen Microsoft har skapt for oss, - og prøver ut og reflekterar kring kva som gjev den beste læringa. Dette er både arbeidskrevjande, frustrerande til tider - og kan skape mykje motstand. Men resultatet vert at me truleg endar opp med ein betre pedagogikk og betre læring. 
 

Stå på alle som prøver ut! – og tenk på at vi gjer pionerarbeid ;o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar